33. etappe: Magnus Krogsæter Aarre

Magnus.jpeg

Navn: Magnus Krogsæter Aarre 

Alder: 32 

Sivilstand: Sambuar 

Arbeidsplass: TV 2 (Oslo) 

Reisedøgn i året (på arbeid): 75 i eit normalår 

Jeg fikk stafettpinnen av: Anders K. Christiansen


Mitt første oppdrag som sportsjournalist: Klippe referat, på bestilling frå Fin Gnatt, av Tampa Bay Lightning-Detroit Red Wings på TV 2-desken. Eller heiter det Detroit Pistons? Uansett: Ikkje var det interessant, og ikkje hadde eg peiling. Resultatet blei deretter. Nestor Gnatt var ikkje imponert.  

Hva står på dagsorden hos deg akkurat nå: Akkurat ute av karantene etter Flandern rundt-tur. Vanleg nyhendejobbing dei neste vekene før Tour de France i juni-juli. 

Hva dekker norsk sportspresse for lite av: All møkka i internasjonal fotball. PR-apparatet i dei ulike klubbane/seriane gjer sitt beste for å stoppe ei kvar kritisk tilnærming, men her har vi mykje å gå på.  

Hva er det neste sportsarrangementet du skal på som ikke er jobb: Blir vel fort eit løp som støttepersonell/heiagjeng for sambuar Bjerkeli Grøvdal.  


Sportsøyeblikket du aldri glemmer: På jobb: Den øyredøyvande stillheita på London Stadium då Gatlin slo Bolt på 100-meteren i VM i 2017. På fritida: Dennis Bergkamp mot Newcastle i 2002. 

… og ditt pinligste eller rareste øyeblikk på jobb: Huff. Gudane skal vite at eg har stilt mange mindre intelligente spørsmål opp gjennom åra, og attpåtil stilt spørsmål til utøvarar eg ikkje kunne namnet på, men ingenting er så pinleg som å gløyme å låse døra på do på jobb. 

Hvilken kjent profil tok du sist selfie med: Ingen. 


Pers på 60 meter: taushetsbelagt  

Hvilken OL-gren ville du ikke havnet på sisteplass i om du skulle stille nå: kappgang? 


Breaking news eller graving? Graving 

Mixed zone eller dybdeintervju? Dybdeintervju 

Snakke eller skrive? Snakke 

Foran eller bak kamera? Begge 

Båndopptaker eller blokk? Båndopptakar 

Klæbo eller Ødegaard? Ødegaard 

Topptur eller fotball på puben? Fotball på puben


Hva er den største utfordringen for norsk sportsjournalistikk framover: Mykje å ta av her, men den endelause sjølvpromoteringa ein del driver med i sosiale medier må det bli slutt på. Vi har ein lei tendens til å plassere oss sjølve i sentrum for saker vi lager. Ingen vil ha det. Og så må ein ta inn over seg at nøytralitet er ein nødvendig konsekvens av å lage journalistikk – at så mange skal meine så mykje om eigne saker i sosiale medier er ein uting. For å seie det mildt.   

I tillegg må dekninga vår bli mindre hysterisk, meir avmålt og ha større samsvar mellom tittel og innhald. Som bransje frykter eg at vi framstår ganske useriøse til tider.  

Hvilken kollega og/eller hvilket sportsjournalistisk arbeid vil du hylle: Vil benytte anledninga til å hylle kollegaene Ernst Lersveen og Fin Gnatt. Begge har bikka 60, men dei har ein tørst etter å jobbe/produsere/alltid gå den berømte ekstra mila som er til stor inspirasjon for oss andre.  


Jeg sender stafettpinnen videre til: Eirik Nesset Hjelvik